YouLyric
Sign in
Sign up for free
Nordmannen
Share
Glittertind
What's this song about?
Generate meaning
1
Mellom bakkar og berg ut med havet
2
Heve nordmannen fenge sin heim
3
Der han sjølv heve tuftene grave
4
Og set sjølv sine hus oppå deim
5
Han såg ut på dei steinute strender
6
Det var ingen som der hadde bygt;
7
"Lat oss rydja og byggja oss grender
8
Og så eiga me rudningen trygt"
9
Han såg ut på det bårute havet
10
Der var ruskut å leggja utpå
11
Men der leikade fisk nedi kavet
12
Og den leiken den ville han sjå
13
Fram på vetteren stundom han tenkte:
14
"Gjev eg var I eit varmare land!"
15
Men år vårsol I bakkane blenkte
16
Fekk han hug til si heimlege strand
17
Og år liene grønkar som hagar
18
Når det laver av blomar på strå
19
Og år netter er ljose som dagar
20
Kan han ingen stad venare sjå
Mellom Bakkar Og Berg - KEiiNO
37 views
0 meanings
Go Pro
Unlimited meanings · Priority generation
Upgrade